Helgjødsel 18-1-10 tilsatt kobolt kan vera aktuell til overgjødsling i beite

beite

Det er ei kjent sak at beitande dyr treng tilføring av mellom anna kobolt. Dette kan ein gjera på fleire måtar, som gjennom ulike «etestasjoner» i beitene, gjennom tabeletter/bolus eller direkte gjennom matfatet/beitegraset. Då kan tilføring gjennom Helgjødsel i beitetida vera eit alternativ.

Kvifor tilføring av kobolt?

Kobolt er viktig i produksjon av vitamin B-12 som i neste omgang er viktig for å sikra god vekst i beite for ungdyr og sau/lam. Spesielt viktig for dyr kor beitegras er hovudnæringa gjennom beitesesongen utan noko tilskot av eks. kobolt. Det er viktig å tenkja tilføring av litt kobolt kvart år.

Ved bruk av eks. Helgjødsel 18-1-10 m/kobolt kan dette vera aktuelt å tilføra ved første overgjødsling i mai/juni ca 25 kg/daa, og så ta ein runde til ca 5 veker seinare med om lag samme mengde/daa. Det vil sikra nok tilføring av kobolt denne sesongen. Seinare i august til siste overgjødsling er det mest aktuelt med ei vanleg N-gjødsel som Opt-NS eller Kan-27.