Artikkel henta frå Bondevennen:
Helgjødsel 18-1-10 tilsatt kobolt kan vera aktuell til overgjødsling i beite.
Ragnvald Gramstad
Pensjonert seniorrådgjevar NLR Rogaland
Det er ei kjent sak at beitande dyr treng tilføring av mellom anna kobolt. Dette kan ein gjera på fleire måtar, som gjennom ulike mineralbøtter i beitene, gjennom tabletter/bolus eller direkte gjennom matfatet/beitegraset. Då kan tilføring gjennom Helgjødsel i beitetida vera eit alternativ.
Kvifor tilføring av kobolt?
Kobolt er viktig i produksjon av vitamin B-12 som i neste omgang er viktig for å sikra god vekst i beite for ungdyr og sau/ lam. Spesielt viktig for dyr kor beitegras er hovudnæringa gjennom beitesesongen utan noko tilskot av eks. kobolt. Det er viktig å tenkja tilføring av litt kobolt kvart år.
Helgjødsel 18-1-10 m/k kan vera aktuelt å tilføra ved første overgjødsling i mai/juni, ca. 25 kg/daa, og så ta ein runde til ca. 5 veker seinare med om lag same mengd/daa. Det vil sikra nok tilføring av kobolt denne sesongen. Seinare i august til siste overgjødsling er det mest aktuelt med ei vanleg N-gjødsel som OPTI-NS 27-0-0 (4S) eller Can-27-0-0.